Ungdom i Lokalpolitikken

Posta 20/05/2011 av Geirangeltveit
Kategoriar: Politikk

   Det nyleg avhalde Stordtinget tok for seg temaet «ungdom og lokalpolitikk». Problemstillinga var korfor så få ungdom engasjerar seg i lokalpolitikken eller politikk forøvrig. Eg var så heldig å få lov til å vera med i debattpanelet for Stord Venstre, noko som passa seg høveleg som partiets ungdomskandidat.

   Under debatten blei det spurt fleire spørsmål om blandt anna kvifor eg ikkje var høgare på lista til Stord Venstre. Og ein kan lesa i Sunnhordland fredag at det er ringrevar som gjennomgåande tek dei øverste plasseringane og kummuleringane, samt nyttar hersketeknikkar for å halda ungdommen vekke. Dette gjeld iallfall ikkje for Stord Venstre.

   Det var ingen eldre ringrevar som kjeppjaga oss yngre ned på listene. Dette var våre heilt eigne frie val. I mitt tilfelle var det at eg ynskja fortena ein plass i kommunestyret som ung kandidat, heller enn å «automatisk» få tildelt ein plass eller alderskummulert inn på bakgrunn av min unge alder. Eg trur at veljarane på Stord er fullt ut kapable til sjølv å bestemma kven dei vil at skal representera seg i kommunestyret. Nominasjonskomiteen var klar på at dei ynskja ein ungdomskandidat høgare opp på lista, og utover vår flotte ordførarkandidat er det heilt opent for veljarane sjølv å påverka kven som skal representera Stord Venstre i kommunestyret, vera det seg unge, eldre, menn eller kvinner.

   Unge og engasjerte mennesker har ein, men ein skulle gjerne sett fleire av dei innan politikken. Her ramsar Sunnhordland opp fleire av dei gode poenga som kom fram i debatten. Eit av desse var at skulevala skal ta for seg lokale saker når det er lokalval, ikkje det sirkuset ein ofte opplevar når det kjem folk frå Bergen som ikkje kjenner til budsjettunderskot, boligproblematikken eller kva det betyr å leggja ferjekaien til Huglo eller Leirvik. Her har eg ei utfordring til dei andre partia. Kan ein i haust få sjå unge skuledebatantar som er frå Stord eller i det minsta har ei tilhøyrsle her? Det kjem det frå Stord Venstre. Lokalvalet skal handla om lokale saker, ikkje billegare rus og raskare mopedar.

   Eit anna poeng som vart tatt opp var å sleppa ungdommen til. Ein må sleppa oss til i media og sleppa oss til på skular. Personleg har eg ikkje møtt noko problem her, eg har utan noko form for motstand fått både vitja Stord Vidaregåande, Bømlo Vidaregåande og Kvinnherad Vidaregåande og fått ha stand og delt ut Unge Venstre-materiell. Lesarinnlegga mine har kome på trykk i Sunnhordland og eg har fått lov å delta i debattpanelet på Stordtinget. Men det eg saknar, som eg også sa i debatten var å bli invitert. Eg skulle gjerne sett at skular sjølv organiserte politiske dagar, utanom valkampane. Der kunne ein gå djupare inn i tema, og latt elevar sjølv delta og sei sine meiningar. Eg skulle ønska at media i større grad spurte ungdom og unge politikarar (iallfall hos dei partia som har det) om deira meiningar på sakar. Ved å oppsøka såvel som å tilretteleggja og invitera ungdom trur eg at ein i større grad vil få ungdom til å engasjera seg i (lokal)politikken.

   Det står ikkje på engasjement hos ungdommen, men meir tilgjenge på deltaking. På Facebook er hundretusenvis av ungdom medlem av grupper med forskjellige meiningar, fordi her er det høve å delta i eit forum ein enkelt får tilgong til. Ein bør streba etter å gjera dei politiske handlingsforuma meir tilgjengelege for ungdom.

Geir Angeltveit, ungdomskandidat for Stord Venstre.

Denne teksten er eit lesarinnlegg som vart publisert i papiravisa Sunnhordland, 19.05.11.

Dei vil overvaka deg og meg!

Posta 16/03/2011 av Geirangeltveit
Kategoriar: Politikk

Nyleg gjekk Høgres stortingsgruppe inn for å samarbeida med Arbeidarpartiet om å innføra datalagringsdirektivet i Noreg. DLD var forventa frå AP, men Ikkje frå Høgre, som har programfesta støtte til personvernet og likar å kalla seg liberalkonservative. Etter dette bør dei stryka ordet liberal.

Registrerar din digitale kvardag
Datalagringsdirektivet går ut på å lagra dine digitale spor, kven du ringer, sendar sms til, kor du er når du gjer dette, varigheit på samtalar samt data om e-post-korrespondansen din. Slik overvaking kan ein tillata mot kriminelle, når det er belegg for dette. Men Ap og Høgre vil heilgardera seg ved å overvaka deg og meg i tillegg, og trossar dermed det grunnlovsfesta prinsippet om retten til privatliv.

Så korfor gjer dei dette? Medan Høgre ikkje vil fornærma sine vener i politiet og i Brüssel, så har Ap ein annan motivasjon: dei vil motkjempa alvorleg og organisert kriminalitet, avdekka pedofilinettverk og mafia-verksemd. Gode motiv, men feil og effektlaus framgangsmåte.
Datalagringsdirektivet har vore innført i Tyskland, og der har det ikkje hatt noko påvist verknad, tvert imot. Samstundes er direktivet blitt anka til den tyske grunnlovsdomstolen, med god grunn.
Der liberalarar inviterer til å sjå på fakta, vel sosialdemokratane og dei konservative å ignorera dei.

Fridom framfor falsk tryggleik

Eg vert skremt når eg ser utviklinga som skjer i Noreg og Europa, der skremselspropaganda og framandfrykt spreier seg i eit alarmerande tempo. Det er trist å sjå at folk ynskjar å byta ut noko av sin fridom mot ei kjensle av falsk sikkerheit. Ingen tener i lengda på at me byggjer samfunnet på mistillit. Benjamin Franklin, ein av grunnleggarane av USA, sa det slik: «Eit folk som er viljug til å ofra fridom for sikkerheit, fortener verken det eine eller det andre, og vil tapa begge.»

Privatlivet er ein av hjørnesteinane i eit liberalt demokrati, og noko ein ikkje burde råka ved. Alle må ha retten til å ikkje bli overvaka til alle døgnets tider, sjølv om me ikkje har ulovlegheiter å skjula. Høgre har tidlegare snakka om tillit til menneska – det viser dei ikkje i praksis.
Difor meiner me i Venstre at Datalagringsdirektivet bør forkastast som ein yttarst dårleg idé. Me må halda fast ved dei liberale røtene landet var tufta på, og kan ikkje akseptera eit slikt mistillitsforhold mellom stat og borgar.

Geir Angeltveit, Nestleiar Sunnhordland Unge Venstre og 6. Kandidat til kommunestyret for Stord Venstre.

Denne teksten er eit lesarinnlegg som vart publisert i papiravisa Sunnhordland, 16.03.11.

Kva gjer staten framleis i SAS?

Posta 08/06/2010 av Geirangeltveit
Kategoriar: Politikk

I den siste tida har all dramatikken rundt flytrafikken vekka opp gamle samtaleemne. Staten er i dag medeigar av eit dei dårligast drivne flyselskapa i verda. Med gigantiske underskot, dårleg drift og lite konkurransedyktige prisar, står SAS igjen som eit selskap som ikkje ville hatt livets rett, slik det vert drevet den dag i dag.

Kvifor er det slik at SAS sine fly framleis flyg i det norske luftrommet, og ikkje heller har gått dunken? Det har sin bakgrunn i stor statleg stønad. Våre skattepengar går direkte til å halda i live eit selskap som går særskild dårleg. I 2009 brukte staten 800 millionar kronar berre for å halda selskapet på vingane. Tala for fyrste kvartal i 2010 visar igjen eit underskot, denne gongen på 600 millionar kroner, for eit kvartal. Samstundes har aksjekursen på SAS gått ned 90% dei siste tre åra. Andre selskap treng ikkje konstant statleg stønad for å klara seg. Våre skattepengar går ikkje til Norwegian eller Ryanair, som fullt ut klarar å gå med profitt. Her kan ein spørja seg om det er ei binding oppover til fagforeininga som er skulda, eller uforsvarlege pensjonsordningar. Dog er det viktigaste spørjemålet ein må stilla, kvifor skal staten betale desse pengane?

Det er ikkje til å feie under teppet at SAS sine konkurrentar, særskild Bjørn Kjos, administrerande direktør i Norwegian mislikar sterkt dagens ordning. I ei pressemelding frå Norwegian fortel Kjos at; ” – Statlige midlar i ein ny emisjon er sterkt konkurransevridande. Ein aktør som ikkje har vist seg konkurransedyktig har ved hjelp av skattebetalaranes pengar stått for ein aggressiv prisdumping det siste året. Dette svekkar også andre aktørars konkurransekraft og kan på sikt ramma arbeidsplassar og flytilbodet i distrikta.” Det er slik at selskap som faktisk klarar gå med profitt vert straffa ved at deira kundars skattepengar går til å halde liv i eit konkurrerande selskap. Eit selskap som attpåtil stikk kjeppar i propellen for sine konkurrentar. Me I Hordaland Unge Venstre meinar at det er urettferdig at eit selskap nyter fordelar over eit anna selskap. Me ynskjar mindre statleg styring i bedrifter, det skapar ei ubalanse med omsyn til andre aktørar.. Flyselskap i andre land treng ikkje konkurrera med sin eigen stat om å tilby sine tenestar.

Ein treng berre sjå på andre selskap som staten driv, for å skjønna at dette vil vera ganske bra for næringslivet og befolkninga. Ta til dømes Telenor sitt tidligare monopol. Då monopolet fall så kom det eit hav av nye aktørar, som tilbyr betre tenester til ein billigare pris og mykje betre service. Det er ein finansmessig suksesshistorie som kom av mindre statsstyring i næringslivet. Me har framleis andre selskap, deriblant NSB som også burde kunna utfordrast av privateigde selskap, kanskje då ville togferdsla endeleg fungera. Oss i Hordaland Unge Venstre ynskjar mykje mindre statleg styring i selskap. Det er ikkje rett at selskap som vert driven på ein elendig måte skal øydeleggja for effektive bedrifter med visjonar, mål og vilje til forbetring. Noko det er openbart at dei statlege verksemdene ikkje har, då dei kontinuerleg treng kunstig andedrett frå våre skattepengar.

Denne saka har nett vorten aktuell igjen etter askesky-kaoset. Fleire store flyselskap som ikkje har opparbeida seg ein kapital fryktar store tap og mogleg konkurs. Deriblant SAS, medan selskap som Norwegian og Ryanair har ein naudkapital til slike høve. Då vert det igjen aktuelt å spørja om staten skal betale ei krisepakke til sitt eige selskap, som treng det på ny grunna dårleg drift. Attpåtil med våre skattepengar, som ein kan finna tusen betre formål til.

Geir Angeltveit, Styremedlem i Hordaland Unge Venstre