Dei vil overvaka deg og meg!

Nyleg gjekk Høgres stortingsgruppe inn for å samarbeida med Arbeidarpartiet om å innføra datalagringsdirektivet i Noreg. DLD var forventa frå AP, men Ikkje frå Høgre, som har programfesta støtte til personvernet og likar å kalla seg liberalkonservative. Etter dette bør dei stryka ordet liberal.

Registrerar din digitale kvardag
Datalagringsdirektivet går ut på å lagra dine digitale spor, kven du ringer, sendar sms til, kor du er når du gjer dette, varigheit på samtalar samt data om e-post-korrespondansen din. Slik overvaking kan ein tillata mot kriminelle, når det er belegg for dette. Men Ap og Høgre vil heilgardera seg ved å overvaka deg og meg i tillegg, og trossar dermed det grunnlovsfesta prinsippet om retten til privatliv.

Så korfor gjer dei dette? Medan Høgre ikkje vil fornærma sine vener i politiet og i Brüssel, så har Ap ein annan motivasjon: dei vil motkjempa alvorleg og organisert kriminalitet, avdekka pedofilinettverk og mafia-verksemd. Gode motiv, men feil og effektlaus framgangsmåte.
Datalagringsdirektivet har vore innført i Tyskland, og der har det ikkje hatt noko påvist verknad, tvert imot. Samstundes er direktivet blitt anka til den tyske grunnlovsdomstolen, med god grunn.
Der liberalarar inviterer til å sjå på fakta, vel sosialdemokratane og dei konservative å ignorera dei.

Fridom framfor falsk tryggleik

Eg vert skremt når eg ser utviklinga som skjer i Noreg og Europa, der skremselspropaganda og framandfrykt spreier seg i eit alarmerande tempo. Det er trist å sjå at folk ynskjar å byta ut noko av sin fridom mot ei kjensle av falsk sikkerheit. Ingen tener i lengda på at me byggjer samfunnet på mistillit. Benjamin Franklin, ein av grunnleggarane av USA, sa det slik: «Eit folk som er viljug til å ofra fridom for sikkerheit, fortener verken det eine eller det andre, og vil tapa begge.»

Privatlivet er ein av hjørnesteinane i eit liberalt demokrati, og noko ein ikkje burde råka ved. Alle må ha retten til å ikkje bli overvaka til alle døgnets tider, sjølv om me ikkje har ulovlegheiter å skjula. Høgre har tidlegare snakka om tillit til menneska – det viser dei ikkje i praksis.
Difor meiner me i Venstre at Datalagringsdirektivet bør forkastast som ein yttarst dårleg idé. Me må halda fast ved dei liberale røtene landet var tufta på, og kan ikkje akseptera eit slikt mistillitsforhold mellom stat og borgar.

Geir Angeltveit, Nestleiar Sunnhordland Unge Venstre og 6. Kandidat til kommunestyret for Stord Venstre.

Denne teksten er eit lesarinnlegg som vart publisert i papiravisa Sunnhordland, 16.03.11.

Explore posts in the same categories: Politikk

Kommenter innlegget